Return to Content

Folk på Torsdag: Fant-Karl

- mannen, myta og musikken

Møt ei av Norgeshistoria sine største popstjerner! På 1800-talet reiste den legendariske taterspelemannen Fant-Karl rundt i store delar av landet og forsynte impulssvoltne bygdespelemenn med dåtidas rock’n roll – valsen! Vi inviterer til eit spennande møte med Fant-Karl-ekspert Mary Barthelemy og nokre av dei aller fremste formidlarane av folkemusikkarven etter Fant-Karl. Her blir det vals, vals og vals – og forteljingar om kjærleik til musikk og kulturutveksling mellom bufaste og tatarar.

Mary Barthelemy – forteljar
Synnøve Bjørset – hardingfele
Einar Olav Larsen – fele
Daniel Røssing – piano
Linda Gytri – trekkspell
Aslak Brimi – fele
Olav Christer Rossebø – mandolin, fele, gitar

Konserten presenteres i samarbeid med Riksscenen.

Legg igjen en kommentar